Hjem

Styret

Lagets historie

Terminliste

Bildegalleri

Hallingdanserne

Markenskappleiken

   

 

 

Konsertserie med Per Anders Buen Garnås

Det er duka for tre konsertar på tre dagar når storspelemannen Per Anders Buen Garnås kjem til Kongsberg. Trilogien av konsertar skal ta for seg dei tre store i Telemark på 1800-talet: Myllarguten, Gibøen og Fykeruden. Ein etter ein der me vert betre kjend med dei tre meistaranes liv og musikk gjennom Per Anders sine ord og tonar.

Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har elles gått i lære hjå, og lete seg inspirere, av mange gode spelemenn som Eivind Mo, Olav Øyaland, Einar Løndal, Anund Roheim og Gunnar Innleggen opp i gjennom åra. Han har vunne Landskappleiken i A-klassa på hardingfele fire gonger, seinast i 2018, og har fleire CD-utgjevingar bak seg, både soloplater og som medverkande musikar. For desse har han vunne Folkelarm-prisen to gongar, og vore nominert til Spellemannprisen heile tre gonger.
Det er med andre ord ein av dei mest markante og ettertrakta spelemennene i landet seiste 20 år som kjem til Kongsberg desse dagane. Han er for mange mest kjend som spelemann, men mange i folkemusikkretsar er også klar over hans fabelaktige formidlingsevne og talegåver. Gjennom dei tre konsertane "Myllaren", "Gibøen" og "Fykerud´n" får me møte både spelemannen, formidlaren og forteljaren Per Anders, og som bonus får me ein historieleksjon om tre av dei største kjeldene for slåttespel me har hatt her i landet.

MYLLAREN, torsdag 10. februar
I denne fyrste av tre konsertar med Per Anders Buen Garnås vert me presentert og betre kjend med kanskje den aller mest kjende spelemannen på hardingfele gjennom tidene, Torgeir Augundsson, betre kjend som Myllarguten.
Myllarguten vart fødd i Sauherad, truleg hausten 1801, men flytta etterkvart til Arabygdi i Vinje. Han vart gjennom spel i gjestebod og andre tilstelningar ei stjerne blant spelemennene i Telemark, noko som resulterte i at rykta nådde Ole Bull som tok han med seg og heldt den vidkjende konserten i Gamle Losjen, Christiania 1849.
Denne konserten er vigd livet til Myllarguten, på godt og vondt, ført i penn, tale og hardingfele av Per Anders Buen Garnås.

GIBØEN, fredag 18. mars
I den andre av tre konsertar med Per Anders Buen Garnås er det Håvard Gibøen sitt liv og virke som skal under lupen til Per Anders.
"Ja, Havår e’ nok mester åt kånn elle."
Håvard Gibøen (1809-1873) var frå Møsstrond i øvre Telemark, ei fjellbygd uppunder Hardangervidda. I motsetning til Myllarguten, som han også spelte med og lærte av, var han ikkje så oppteken av nyskaping, men var meir nøye på å halde formene og tonaliteten slik han hadde lært dei. Spelet og formene etter Gibøen lever enno gjennom linja til Knut Dahle frå Tinn, som er kjelda til Edvard Griegs opus 72, og borneborna Johannes og Gunnar.
Vel møtt til eit dykk i spelemannslivet til storspelemannen Håvard Gibøen.
Per Anders Buen Garnås - hardingfele, manus

FYKERUDEN, fredag 29. april
Trilogien til Per Anders Buen Garnås vert avslutta med spelet og sogene av og om Lars Fykerud.
Lars Fykerud (1860 - 1902) vart fødd og vaks opp i Sauherad, Telemark. Han var opplært på hardingfele av far sin, Hans Fykerud, som òg var ein omtykt spelemann i si tid, men Lars utvikla spelet sitt vidare og vart ein av dei meir stilskapande spelemennene me har hatt. Lars Fykerud var ein av dei fyrste til å forstå verdien av konsertframføringar på hardingfele så lyriske konsertstykkje vart ein naturleg del av komponeringa, noko han drog både åtgaum og dollar for når han turnerte i amerika seint 1800-tal.
Lars Fykerud vart diverre berre 42 år gamal før han gjekk bort, men han greidde likevel å setje djupe spor i spelemannssoga her i landet, så vel møtt til eit musikalsk møte med ein av meir segnomsuste meistarane på nasjonalinstrumentet vårt.
Per Anders Buen Garnås - hardingfele, manus

 
Kilde: Per Anders Buen Garnås, Facebook